Topplause protestantar må vente på dom i Tunisia

Då dei tre kvinnene frå protestgruppa Femen møtte i retten i Tunis i dag, var det fleire tunisiske demonstrantar som hadde møtt opp utanfor. Mange av dei var til stades for å vise sin avsky mot det kvinnene har gjort.

– Korleis kan du forsvare desse kvinnene? Du er ikkje tunisisk, du er ikkje muslim, du har verken kone eller born, ropte dei frammøtte til kvinnene sin tunisiske advokat.

Sjå årsaka til at dei tre Femen-aktivistane vart arresterte i Tunis førre onsdag.

– Har ikkje høyrt på kvinnene

Patrick Klugman er ein av dei andre advokatane som forsvarer kvinnene. Han hadde kome frå Paris for å snakke kvinnene si sak, og meiner kvinnene er særs dårleg behandla.

– Heilt frå byrjinga av har retten høyrt på dei islamske salafistane, og ikkje på kvinnene. Salafistane er ikkje eingong ein del av denne saka, sa Klugman i rettsmøtet.

  • LES OGSÅ:Amina er i fengsel for nakenprotest

Viste støtte til medaktivist

Det skulle vise seg å bli eit kort rettsmøtet, fordi retten trong meir tid på å bestemme om sivile islamske grupper skal få ta del i rettssaka og seie kva dei meiner om det topplause stuntet.

Retten skal samlast at den 12. juni. Kvinnene er tiltalt for upassande framferd i det offentlege rom etter å ha protestert ved å ta av seg på overkroppen.

Dei tre kvinnene protesterte topplause for å vise si støtte til Amina Tyler, ein annan Femen-aktivist, som vart arrestert då ho protesterte utanfor ein ultrakonservativ muslimsk konferanse i Tunis.

TOPSHOTS-TUNISIA-WOMEN-RIGHTS-TRIAL-FEMEN (Foto: SALAH HABIBI/Afp)

Amina Tyler er jenta som først protesterte mot ein ultrakonservativ muslimsk konferanse. Ho vart arrestert, og seinare har tre andre aktivistar blitt arrestert då dei støtta Tyler.

Foto: SALAH HABIBI/Afp

Via: nrk.no


Short link: [Facebook] [Twitter] [Email] Copy - http://whoel.se/~3MhEZ$31q

This entry was posted in NO and tagged on by .

About FEMEN

The mission of the "FEMEN" movement is to create the most favourable conditions for the young women to join up into a social group with the general idea of the mutual support and social responsibility, helping to reveal the talents of each member of the movement.

Leave a Reply